1. Icebreakers: bli kjent
Kjenner studentgruppa kvarandre allereie?
Grunnen til at me tilrår icebreakers, er at det ikkje alltid er like lett å dele personlege erfaringar før ein har blitt kjent med dei ein sit i same (/digitale) rom med. Føler du at de allereie har blitt god kjent, treng du ikkje nødvendigvis icebreakers, men heller check-ins. Klikk deg i så fall vidare til neste side: Check-in: bryt lydmuren med noko personleg (men ikkje privat)
Har ikkje studentgruppa blitt kjent enda?
Då kan du bruke disse icebreakerne/leikane som sørger for at stemninga kan bli litt lausare. Under ser du nokre tips, men du kan sjølvsagt bruke dine eigne erfaringar og idear til lignande aktivitetar.
- Ville du helst...
Forbered ei liste med spørsmål med enten/eller-svar. Eksempelvis "Kva superevne ville du helst hatt: Det å kunne flyge eller å kunne bli usynleg?". La studentane i gruppa vise med ein finger eller to fingrar om dei helst ville hatt alternativ 1 eller alternativ 2.
- Kaste ball
Lat som de har ein usynleg ball, og at den som får ballen må sei det første ordet som popper opp i hovudet sitt. Start gjerne sjølv mens du held på den usynlege ballen. Sei det første ordet du tenkjer på, og så namnet til ein annan person. Så "kastar" du ballen til denne personen, og vedkommande må "ta imot" og kjapt sei det første ordet dei tenkjer på før dei "kastar" ballen vidare til neste person, som gjentar dei same stega.
- To sanningar og ei løgn
Her lønner det seg å ha litt mindre grupper. Ideen er at ein skal dele tre ting om seg sjølv der to av disse tinga er sanningar og ei er løgn. Dei andre i gruppa skal bli einige om kva dei trur er løgn.
Digitale icebreakers
- Kvar i all verden er...?
På Gallery View i Zoom vil din skjerm alltid være ulik dei andre sine skjermer. Det vil og sei at din video vil være på forskjellige stader hos dei andre studentane sin skjerm når dei har Gallery View. Denne bli kjent-leiken går ut på å spørja "Kvar i all verda er person A?", studentane må peike på kvar dei ser personen på sin skjerm: Over, under, til høgre, venstre, og så vidare. Person A spør så vidare kvar i all verda person B er.
- Kven sin ... er dette?
Denne krever litt planlegging. Be studentane på førehand ta bilete av ein ting i heimen sin, f.eks. kjøleskapet, dusjen, vindauga, senga, pulten, og så vidare. Så viser du fram eit og eit bilete, og ein skal gjette kven denne tingen tilhøyrer. Dette kan gjerne brukast når ein har blitt litt meir kjent. Eit alternativ til dette er at studentane kan sende inn funfacts om seg sjølv, og man skal gjette kven som står bak dei ulike funfacta.