Velkomen som etter- og vidareutdanningsstudent
Vi er glade for at du har valt HVL for å sikre deg fagleg påfyll og ta karrieren din eit steg vidare.
Kanskje har du mykje verdifull kompetanse og erfaring frå arbeidslivet. Kanskje kjem du rett fra vidaregåande skule. Uansett utgangspunkt er det sannsynleg at du har kjent på korleis ny teknologi, nye samhandlingsmønster og andre endringar - med Korona friskt i minne - set nye krav til deg og din kompetanse.
Me håpar og trur at du som Etter- og vidareutdanningsstudent ved HVL får brukt, utvikla og tileigna deg kunnskap som kjem både deg, arbeidsplassen din og samfunnet til gode.
I emnet som du er inne i no, finn du mykje informasjon for deg som er Etter- og vidareutdanningsstudent. Me har og lagt inn nokre e-læringskurs. Du finn til dømes informasjon om registrering, betaling av kurasvgift, brukarkonto, nøkkelkort, litteraturliste, eksamen, med meir. Bruk sjekklista for å hugse alt du må gjere før oppstart.
Sjekkliste før oppstart
Som student ved HVL er det nokre ting som må på plass før studiestart. Her er ei sjekkliste for å hjelpe deg å halde oversikt, samt litt informasjon og nyttige lenkjer.
- Semesterregistrering Links to an external site. (melde seg til undervisning og vurdering/eksamen)
- Aktiver brukarkonto Links to an external site.
- Logg deg på Canvas (emnet vert publisert før studiestart)
- Bestill studentkort Links to an external site. (nøkkelkort)
- Pensum. Sjekk velkomstbrevet for kva som gjeld for ditt emne.
(Digitale pensumlister for HVL finn du her) Links to an external site. - Ved studiar med kursavgift må ein betale kursavgift (etter studiestart).
- Søk eventuelt om tilrettelegging ved eksamen Links to an external site. (frist 1.9 høst og 1.2 vår)
Samlingar
Du finn timeplanen her
Links to an external site..
Semesterregistrering og oppmøteregistrering
Semesterregistrering
Semesterregistrering er det første steget på vegen for å få tilgong til alle andre system du treng som student ved HVL. Når det nærmar seg studiestart vil du motta en SMS frå HVL med pinkode for innlogging til Studentweb, Links to an external site. kor du skal du semesterregistrere deg. Du loggar på med fødeslsnummer og pinkode første gong. Etter du har aktivert brukerkonto/Feidekonto, kan du bruke den for innlogging til alle HVL-system inkludert StudentWeb.
Merk at du må semesterregistrere deg kvart semester, og at fristen er 2 veker etter første samlingsdato.
Eksamen
Tar du utdanning med studiepoeng, skal du avleggje eksamen.
Frist for å melde seg opp til eksamen er to veker etter første samling.
Frist for å søkje om tilretteleggjing er i utgangspunktet 1. september på haustsemesteret og 1. februar på vårsemesteret. Sjå meir informasjon her
Links to an external site. .
Informasjon om tid og stad for eksamen vert gjort tilgjengeleg i Studentweb
Links to an external site. i løpet av semesteret. Du finn romnummer seinast ei veke før eksamen på framsida til Studentweb. Sjekk gjerne stad for eksamen ei veke før eksamen, med tanke på eventuelle endringar.
Det er viktig at du som student held deg oppdatert Links to an external site. på forskrifter om studiar og eksamen ved HVL studierett, eksamen, vitnemål med meir. Sjå spesielt avsnitt om "Rettar og pliktar".
I Studentweb finn du og eksamensresultat og eventuelle tilretteleggjingsvedtak dersom du søkjer om dette.
Kursavgift og semesteravgift
Det er viktig å merke seg at kursavgift og semesteravgift ikkje er det same. Kursavgifta er som regel eit vesentleg høgare beløp.
Kursavgift
Når du aksepterer studieplass ved HVL inneber det at du inngår ein bindande økonomisk studiekontrakt med høgskulen, dersom det er eit studie med kursavgift. Studiekontrakten vert inngått med deg og ikkje arbeidsgjevaren din, sjølv om arbeidsgjevar i mange høve betalar for studiet. For deg som skal betala kursavgift vil du finna lenkje for å oppgje fakturaadresse i velkomstbrevet.
Kursavgifta vert fakturert like etter første samling, og betalingsfristen vert normalt sett til fire veker. Ver merksam på at tidspunkt for utsending av faktura og betalingsfrist kan variere, du er sjølv ansvarleg for å følgje med på informasjonen som vert sendt til deg.
Du vil motta faktura på e-post, men kan og finne den på StudentWeb
Links to an external site..
Semesteravgift og studielån
Studentar som tek vidareutdanning ved Høgskulen på Vestlandet, er som regel fritatt for betaling av semesteravgift til studentsamskipnaden Saman. Det er spesifisert på studietilbodsida om studiet ditt er eit unntak, eller om du skal betale avgift.
Vel du å betale semesteravgifta, får du tilgong til studentbevis-appen som kan gi ulike studentfordelar. Betalt semesteravgift kvalifiserer og til å søkje lån/stipend hos Lånekassen etter deira rammer og retningslinjer. Men du kan ikkje søkje studiestøtte utan å ha betalt semesteravgifta. Du må og ha fullført semesterregistreringa. Søknadsfrist for å søke studielån hos Lånekassen Links to an external site. er 15. november for haustsemesteret og 15. mars for vårsemesteret.
Er du friteken frå å betale semesteravgift, men ynskjer likevel å betale? Ta kontakt med rekneskap@hvl.no.
Studentkort (nøkkelkort) og studentbevis-app
Studentkortet er ein viktig del av studiekvardagen, og fungerer både som lånekort på biblioteket Links to an external site. og gir deg moglegheit til å komma inn på høgskulen viss du til dømes har undervisning på kveldstid eller i helger. Kortet er programmert med tilgongane som gjeld for akkurat deg. Les meir om studentkortet her Links to an external site. .
Bestill studentkort her
Links to an external site.
Studentbevis - app
Links to an external site.
Canvas
Canvas er din læringsportal. Det er her du finn all oppdatert informasjon om emnet ditt.
Som informasjon om tid og stad for undervisning, program for samlingar, arbeidskrav og oppgåver, filer, meldingar frå lærarane, undervisningsmateriell og liknande.
Kom i gong med Canvas.
Hjelp- og læringsressurser for studentar (Canvas).
Last ned telefonapp til Canvas.
IT-hjelp
Får du IT-problem, kontakt IT-hjelpa på e-post it-hjelp@hvl.no eller telefon 55 58 58 88.
Som student kan du og få digital IT-hjelp på chat. Gå til http://office365.hvl.no
Links to an external site. og logg deg inn med din HVL-studentkonto.
1) Åpne teams
Links to an external site.. 2) Gå til chat i venstre meny. 3) Velg ny chat og skriv IT-hjelp for Studenter i til-feltet.
På IT-hjelpa sine sidar Links to an external site. finn du verktøy og programvare du har bruk for som student hos oss. Du vil og finne IT-reglement for bruk av maskinar, programvarer og anna som HVL stillar til disposisjon.
Nyttige lenkjer
Velkomen som ny student Links to an external site.
Informasjon om studiestart Links to an external site.
Pålogging på Zoom med Feide-konto mv. Links to an external site.
Generelt om nettundervisning Links to an external site.
Tilretteleggjing av studiesituasjon Links to an external site.
Bestille grupperom Links to an external site.
Bibliotek Links to an external site.og digitale ressursar Links to an external site.
Internett på campus Links to an external site.
Spørsmål og henvendingar
Nedanfor får du ei kort oversikt over kven som kan svare på kva.
- Emneansvarleg
-
For ditt emne vil det vera tilknytta ein emneansvarleg (faglege spørsmål), ein studiekonsulent og ein administrativ kontakt (praktiske og tekniske spørsmål ved studiet). Kven desse er, står i velkomstbrevet ditt, men vil og stå i Canvas for kvart emne, då desse kan variere.
- Sentralbord
-
- Telefon: (+47) 55 58 58 00
- E-post: post@hvl.no.
Du kan og ta direkte kontakt med kvart campus Links to an external site..
- Opptakskontoret
- Telefon og e-post: (+47) 55 58 58 50, opptak@hvl.no
- IT-hjelp
- Telefon og e-post: (+47) 55 58 58 88, it-hjelp@hvl.no
- IT-hjelpa sine sider Links to an external site.
- Kontakt og opningstider
- Sjå også denne lenka for kontaktinformasjon og opningstider Links to an external site. ved Høgskulen.