Gjesteforelesar i Zoom
Når treng du opprette konto til ein gjesteforelesar?
Oppgrader ein gjest til co-host
Korleis opprettar vi ein gjesteforelesar?
Når treng du opprette konto til ein gjesteforelesar?
Du trenger berre opprette konto til ein gjesteforelesar dersom gjesteforelesar skal vere åleine under forelesinga. Skal du eller ein kollega frå HVL vere med i møtet, kan den av dykk som deltar opprette møtet. Når møtet har starta oppgraderer de gjesteforelesaren i møtet til ein co-host.
Merk at du som ansatt, berre kan vere med på to møte om gongen.
Gjesteforelesaren trenger berre å trykke på invitasjonen: https://hvl.zoom.us/j/1234556, skrive inn sitt eige namn og dei er klar. Når du har oppgradert gjesteforelesaren til co-host kan han/ho starte deling etc.
Du kan oppleve at gjesteforelesarar ikkje får laste ned Zoom-appen på sin jobb-PC på grunn av sikkerheitsinnstillingar frå arbeidsgjevar.
Dei må då velge “Join from your browser” for å bli med i Zoom-møter. Alternativt kan dei delta ved å bruke privat PC, nettbrett eller mobil.
Oppgrader ein gjest til co-host
Trykk på "Manage Participants"
Trykk på brukaren som skal oppgraderast, og vel "Make Co-Host"
Korleis opprettar vi ein gjesteforelesar?
Dersom gjesteforelesar skal vere åleine under forelesinga sender du ein forespørsel til Hjelpelinja.alu@hvl.no med personen si e-postadresse og namn. Gjer det i god tid før forelesinga.
Deretter får gjesteforelesar ein e-post:
Dette er ein automatisk e-post, trykk på den blå knappen for å opprette konto:
Denne opnar ei ny side i ein nettlesar, der du trykker "Sign Up with a Password"
Skriv inn personleg info:
Deretter får du opp din personlege meeting id, og muligheten til å starte eit møte med ein gong, eller å gå til kontoen din.
Gjesteforelesar må gjere seg kjent med Zoom og logge seg på kontoen sin før du kan legge han til som alternative host. Ta gjerne eit testmøte på førehand for å sjekke lyd og bilete.
Våre tilsette kan alltid logge på https://hvl.zoom.us/ Links to an external site. for å sjå kontoinfo.
Eksterne gjesteforelesarar må gå til https://zoom.us/signin Links to an external site.
Planlegge møter for andre
Ein gjesteforelesar utan feide-konto, kan ikkje planlgge møter i Canvas, så difor må ein HVL-tilsett vere ansvarleg, og planlegge for gjesteforelesaren.
Når gjesten har fått seg konto, kan han/ho logge seg inn på https://zoom.us/signin Links to an external site. og gå til settings, heilt nedst finn dei muligheten til å legge til e-postadresse til den som kan opprette møter for dei:
Trykk + og skriv inn e-postadressa til han/ho som skal kunne planlegge.